Om oss:

"Mor i huset har nok vore kattefrelst i heile sitt liv.
Her er eg berre eitt år gamal, allereide godt driven i å klappe katten :o) "

I have always loved cats, here is a picture of me just a year old and well used to cats...

Familien vår tel fem tobeinte, og fire firbeinte medlem. Denne sida handlar om oss som går på to bein ;o)

Our family consists of five two-legged and four four-legged creatures. This page is about the two-legged ones....


Vi er:

Indemine 8 år. Allerede skulejente på andre året. Ho er ei jente som er sprell levande og full i energi, bortsett frå om morgonen på skuledagar... då er ho ganske så slakk. Indemine er trygg, flink på skulen og ei smilande jente med mange vennar.



Sunniva 14 år. Ei jente som alltid er sjarmerande distrè og veldig tydeleg på kven ho er. Tenåring som ho er, er ho oppteken av vennar og kjæresten sin. Aktiv og sprudlande, med eksplosive augneblinkar.



Øystein 17 år. Eldstemann har flytta heimefrå dette året, han går på idrettslinja ved Voss Gymnas, der JIBBAR han på ski (utan at eg veit kva dèt eigentleg er). Fisking og kameratar står høgt på prioriteringslista når han er heime i helgene.



Jon 38 år. Opprinneleg frå Spydeberg i Østfold. Arbeider for StatoilHydro på Stureterminalen i Øygarden. Han er her prosjektleiar for D&Fgroup, eit firma som driv innan vedlikehald, stillas, maling og eg veit ikkje kva...

Jon (38). Originally from Spydeberg in Østfold. Works for StatoilHydro at the Sture oil terminal as a project leader for a wide range of maintenance activities.



Vibekke 40 år. Er innfødd Øygarding og trivest med det. Er utdanna førskulelærar og er frå 2008 tilsett i jobb som lærar ved Alvheim og Bakken skule. Har hatt katt nesten heile livet. Elskar å lese til laaangt på natt. Eg likar i tillegg å drive med ymse slag av handarbeid.

Vibekke(40). Born and bred in Øygarden. Educated as a primary school teacher and currently working at two local schools. Has had cats all her life. Loves to read into the early hours of the mornings and also enjoys various forms of handwork.



Vi bur i ei perle av ein kommune. Øygarden ligg ca 6 mil nord/vest for Bergen, laaangt ute i havet. Her trivest vi godt med sjøen rundt oss på alle kantar.

We live in a wonderful place called Øygarden, about an hours drive from Bergen and surrounded by the sea